Haugen Motor AS

Go to content
Alltid rett kompetanse og opplæring
Ein kan tenkje at kva som helst verkstad kan byte ein reservedel eller utføre service på ein bil. Men så enkelt er det ikkje. Ein må vite kva som gjeld for nettopp ditt bilmerke, modell og årsmodell – og det krev kontinuerleg opplæring innan ny bilteknologi. Bilmekanikarane hjå MECA verkstadane arbeider med fleire merke og modellar, og får såleis stor erfaringsbasert kunnskap, noko som sjølvsagt er ein fordel når ein skal løyse ulike problem. Vi har eigne tilsette undervisarart som lærer opp mekanokarane våre i bilen sine ulike system, så vel mekaniske som elektroniske.
Du vel sjølv bilverkstad
Uansett kva bilmerke du køyrer, så står det dyktige mekanikarar og ventar på bilen din her hjå Haugen Motor A/S. Verkstadar i MECA-kjeda har kompetanse til å ta hand om alle vanlege bilmerke, uansett årsmodell. Vi skruar på ulike bilmerke kvar dag, og gjev kvar bil den oppmerksomheita den krev.

Mange trur framleis at ein må ein verkstad som er autorisert av bilfabrikanten for at garantien skal gjelde. Men det er ikkje slik. Sidan 2002 har vi EU-reglar som gjev deg som bileigar rett til å få utført service på bilen din der du vil. MECA-verkstadar har kunnskap og autorisasjon til å utføre nøyaktig same service eller reparasjon som verstaden til bilforhandlaren – også i garantitida. MECA-verkstaden sitt stempel i serviceheftet er like mykje verd som merkeverkstaden sitt stempel. Sjølvsagt nyttar vi originaldeler eller reservedeler som har den same, eller betre kvalitet enn originaldelen. Ofte kjem våre reservedeler og bilfabrikantens reservedeler frå same leverandør.

Bare det beste for bilen din. MECA er en av Skandinavias ledende aktører innenfor bilreservedeler, verktøy og verkstedutstyr.
Back to content